lørdag 23. oktober 2010

Søkeord: eitt eller anna som gjer livet verd å leve?

11.05 kl 03.42
ein rådyrfamilie i hagen, ei mor med to kalvar.
dei beiter i skuggen under plommetreet. så går
dei vidare til neste hage.
ingen skip å sjå.

no skal eg ikkje skrive meir


Gråteboka mi i dag: Søkeord: ayotzintli av Marit Kaldhol. Når 19-årige Mikke skriv den siste setninga over er det blodig alvor. Han kjem aldri til å skrive meir i dagboka si. Mora er på ferie med kjærasten, og han er åleine heime. Med eit knivskjær er livet til Mikke over.

Kvifor gjorde han det? Me har berre dagboksnotatane å halde oss til, men dei gir eigentleg ingen gode svar. Han er godt likt av alle, flink, har nokon å bry seg om - gode kamerater, mora, guten han er støttekontakt for. Han er russ og har planer for framtida. Kjærasten har han rett nok slått opp med, og faren er fråverande og uinteressert, men er det nok til å gjere slutt på alt? Det er akkurat som om eit grått teppe legg seg over han, berre.

Spørsmålet - kvifor? - er like opent for meg som lesar som for dei som er igjen og som fortel den siste halvdelen av boka: mora, faren, stefaren, ekskjærasten, kameraten og guten han er støttekontakt for. Ingen ting er vel så meiningslaust som nettopp sjølvmord.

Marit Kaldhol skriv dikt, og det kan ein sjå i denne boka. Det er korte setningar, språkbilder og masse poesi, særleg der mora fortel korleis ho heilt fysisk kjenner på sorga.

Innestengte fuglar flaksar i halsen min. Vengane baksar i mørket der inne.
Daskar mot veggane.
Lyden av flaksinga forsterkar seg. Eit ekko slår att og fram mellom veggar.
Stig opp i øyrene. Tørr dasking i øyregangane.
Stakkars fuglar.


Eit godt eksempel på ei bok som er kjempelett og kjempevanskeleg på same tid.  For både unge og gamle.

1 kommentar:

Anonym sa...

Loosen [url=http://www.invoicesmaster.com]how to make an invoice[/url] software, inventory software and billing software to beget competent invoices in one sec while tracking your customers.