I helga las eg ei bunke med nynorsk barnelitteratur for å førebu meg til skulebesøk. Skulen eg skulle til satsar ekstra på nynorsk, og det er bra (eg jobbar jo trass alt i ei nynorskkommune)! Og det er greitt å ha ei ramme rundt utvalet av bøker til bokpraten.
Men det er eit men. Eg fann bøker - men eg skulle gjerne hatt
fleire å velje mellom. Litt for mange av bøkene eg las fall igjennom hjå meg og blei ikkje med til bokpraten. Det hadde dels med innhald, men fyrst og fremst med form og språktrekk (ikkje målform) å gjere.
Eg har tidlegare her på bloggen klaga over mangelen på
nynorsk spenning, over for mykje kjærleik og krøllhårristing og meir til. Og denne helga fekk eg ein tanke:
Påstand 1
Mange ser på nynorsk som det perfekte språket for poesi og historie. Det trur visst forlaga og forfattarane òg.
For når eg ser på utvalet av nynorske bøker er det akkurat historiske romanar og litt eksperimentelle og poetiske bøker nynorske forfattarar og forlag ser ut til å satse på i dag! "Eksperimentelt" kan handle om framsida (ofte har eg okka meg over framsider som ikkje sel), men det kan òg handle om innhald. Litt for mange nynorske bøker er sjarmerande, søte eller hyggelege.
|
Litt for kunstnerisk |
Kor er nynorske variantar av
Rampete Robin, En pingles dagbok og
Harry Potter? Sjølvsagt ikkje altfor like dei originale figurane, men med same publikumsappell? Friske og tøffe teikningar, tiltrekkande design, moderne innhald utan at det blir overfladisk. Potensiale.
Påstand 2
Nynorsk er bygdespråk. Bygda blir sett på som mindre kul enn byen. Nynorsk blir ukult.
Men driv ikkje ungane på bygda med stort sett det same som i byane? Høyrer dei ikkje på den same musikken, kjøper dei same tekniske dupedittane, ser dei same tv-seriane? Dei driv med tøff idrett, bloggar, speler i band om dei kan; dei ikkje berre køyrer traktor, symjer i tjern eller et vaflar hjå bestemor (
eller pærer med gamle damer). For å setje det på spissen!
(Ikkje eit vondt ord om traktorkøyring, tjernsymjing og vaffel-eting. Det er berre eit faktum at personane som ungar flest i dag ser opp til og drøymer om å vere, ikkje driv med dette. Burde dei kanskje det? - Dette er ein vond sirkel. Om det pågår eit prosjekt for å gjere spesifikke bygdeverdiar kule, bør forresten bokmålsbøker også dra lasset.)
Men finst det ingen ting då?
Lettlesne bøker og
biletbøker har me eit ganske bra utval av på nynorsk. Nokre av biletbøkene er reine perler. Gode nynorske
ungdomsbøker finst det òg, helst då av kvinnelege forfattarar.
Den beste ungdomsromanen eg las i 2010 var på nynorsk.
|
Finaste boka i 2010. Same forfattar som over, men meir salbar. |
Ingelin Røssland og Magnhild Bruheim skriv spenningsseriar for ungdom, Terje Torkildsen også (
hans bøker er litt furtent anmeldt her), men
eg saknar gode bøker med driv i for "
slukealderen", altså 9-12 år.
Sjølvsagt finst det nokre unnatak:
- Lars Mæhle gjer for eksempel ein flott jobb med både fantasy (Landet under isen), fotball (Knoterud FK), humor (Harry og Ivar) og tøft drama (Fuck off I love you). Keeperen til Tunisia er jo til og med filma (Tunisia har blitt til Liverpool og andre tilpassingar er gjort, men pytt.)
|
Humor! |
|
Fantasy! |
- Atle Hansen skriv spenningsbøker som mange liker (sjølv om omslaga, igjen, er litt for kunstnerlege igjen etter min smak)
- Tonje Glimmerdal og ungane i Knert-Mathilde kan eg høyre protestere høglytt (men dei treff helst dei som er yngre, vil eg påstå)
- Asbjørn Rydland sine bøker om Drakeguten har eg blitt fengsla av før
- Roald Kaldestad sine bøker om Heavykatten og Discodansemusa er god humor (men også helst for dei som er yngre)
- Eivor Vindenes sin Alt kan reparerast har eg nett lese, og den var veldig god. Litt vel søt og harmonisk kanskje, men med humor og artige innfall - og ein nærverande forteljarstemme.
- Bente Bratlund sine bøker om venskap og kjærleik er lette å anbefale, iallfall for dei som treng korte bøker. Litt verre er det med jenter som er godt i gang med Harry Potter-bøkene eller til og med Twilight.
Og så utanlandske forfattarar
Elles er det jo ikkje flust med omsettingar (oversettelser) til nynorsk. Men nokre perler finst det også her!
Øystein Rosse har gjort ein flott jobb med omsettinga av Lene Kaaberbøl sine bøker i Skammarserien, Katriona-serien og (nyast) Villheks-serien, samt med
spion-serien Cherub av Robert Muchamore (sistnemnte kan nynorskfolket vere stolte av å "eige"!) - No skal det seiast at bokmålsfolket blei sure over at den spennande Katriona-serien berre var på nynorsk, så den har kome i bokmålsutgåve også.
|
Agentspennning! |
|
Hestefantasy! |
Likevel - eg trur at når ei bok fyrst er spennande, så treng ikkje nynorsk vere vanskeleg for eit barn som helst les bokmål. Eg trur at det ofte er dei vaksne - lærarar og foreldre - som har fastspikra haldningar mot nynorsk, og at dei overfører det til ungane. Og det er synd.
Kva kan me gjere med dette?
Temaet må framfor alt diskuterast høgt og lågt! Eg veit at det finst frustrasjon i bokformidlings-verda, men det må jo gå an å gjere noko med det om me
framleis skal ha språkopplæring i to norske språk.
Eg vil veldig gjerne ha kommentarar på dette. Sprei temaet, prat om det med venner, familie og på jobb om du vil!
Og så må det nok eitt eller fleire prosjekt til, med midlar.
Kanskje det kan hjelpe med tilskot til Samlaget?
Alle bokomslaga i innlegget er forresten henta derifrå.