fredag 17. desember 2010

Eit ljos for dei einsame

Foto: Internett










Eg tenner eit ljos
for dei einsame.
For deg som står utanfor
og ser inn.
Varme, ljos, glede,
fellesskap
der inne.
Ute er berre du,
åleine.

Eg tenner to ljos
for dei einsame.
For deg som sit ved vindauget
og ser ut.
Ute folk som hastar av stad,
hundetrimmarar som trekkjer
folk til seg,
bilar med menneske i.
Ingen ringer på.
Ingen telefonar.
Inne er berre du,
åleine.

Eg tenner tre ljos
for dei einsame.
For deg som sit
midt i ein flokk,
kjenner deg bortgøymd,
latter, sang, prat
alle stader rundt.
Der du sit
er du heilt åleine.

Eg tenner fire ljos
for dei einsame.
For deg som skil deg ut,
som ikkje veit om
du vil bli sett,
du som ber på bitter sorg
og frustrasjon
og redsle.
Så rart…
alle andre er jo så glade?
Her i verda
er du åleine?

Synne 18. desember 2003

5 kommentarer:

annkolaas sa...

Oj, har du skrevet dette? Jeg trodde det var en julesang, og skummet raskt gjennom helt til jeg så navnet ditt nederst. Fiint!

Anonym sa...

Så koselig at du skriver igjen, Synne!

Synne sa...

Dette var i 2003:) Men skal prøve å skrive litt mer i 2011!

torbis sa...

Nydelig!

Synne sa...

Takk skal du ha!