Eg blir stadig så imponert over alt de finn på, den utruleg artige og personlege tonen de har i innlegga, språkleiken, ja alt. Skulle gjerne hatt same driven, ikkje berre kreativitet men mot til å gjennomføre! Eg har kome så langt som å lage eit par bokvideoar privat, og har på jobben prøvd å spele Pippi for nokre ungar, men der stoppar det jammen. Rita, Merete og den tredje viskvinna (Aud?): de må berre halde fram med å leike og inspirere. Slike bibliotekvinner vil me ha!
Oppdatering: visste du at det i morgon er den internasjonale Hug a Librarian Day (Klem ein bibliotekar-dagen)? Kanskje ein bibliotekar har lyst på ein klem frå DEG?
Offisielt bilde, trur eg... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar