mandag 7. februar 2011

Nei til Keisemda - Leve Bløygen og det vesle landet ved bekken!

Cappelen forlag
Eg vil slå eit slag for Dustefjerten og Bollefisen og Bidger og Esmiluni. For Andungen som lurer på alt mogeleg rart og Holesnusken som myser mistenksamt mot folka rundt seg. For songglade Oktavia og bakeglade Kavringreven og alle dei andre.

Det er Rune Belsvik som har skrive bøkene om Dustefjerten i det vesle landet ved bekken (5 bøker + ei bok om boka) og om dei 13 innbyggarane i Bløygen (2 bøker). Eit perfekt eksempel på bøker som er mynta på barn (iallfall frå forlaget si side), men som vaksne kan smile og le av. Fordi me kjenner oss att. Det er typer: Den sjølvsentrerte, nysgjerrige småungen, dama som alltid er irriterande optimistisk, den gamle gubben som har meldt seg ut (men som snakkar med ein spade innanfor husets fire veggar). Dustefjerten sjølv er den mest "normale", det vil seie minst typete (sjølv om han er ploppestein-nerd).

Eg fekk den idéstreken å gi pappa ei samleutgåve av Dustefjerten-bøkene til jul eit år. Han stussa over tittelen, men koste seg med bøkene.

Så kan ein jo seie at det spesielt er dei som bur i små bygder truga av fråflytting og med ekte agurknytt i avisa som vil kjenne seg att i Bløygen-bøkene. Der har dei det så fint og flott med sin lille butikk og si lille bru heilt til ordførar Rosina Myrl ein dag slepp ut eit lite sukk og Keisemda kjem inn i bygda (i boka Tøddel Blisterplytt). Likevel, kven kjenner seg vel ikkje motlaus og liten og frustrert av og til?

Fyrste bok om Bløygen, Verdas mest forelska par, er eit spark til alle dei sprø konkurransane folk finn på og lagar stort oppstyr av. Bløygen kommune sender Bidger og Esmiluni til konkurransa i pludring og romantikk, og viss det berre hadde handla om sterke kjensler, så hadde det ikkje vore noko problem ... men her skal det dansast og konverserast mens tusenvis av folk ser på. (Kjensler er det som kjent vanskeleg å måle.) Litt ekte sjalusi gjer det endå meir spennande.

OK. Berre les bøkene.

Ingen kommentarer: