mandag 24. desember 2012

En smakebit på søndag (mandag): Kirsebærsnø

Ja, jeg vet at det er mandag allerede og at det er julaften! GOD JUL til alle lesere! Men her kommer en liten smakebit fra ei bok jeg begynte på i går (søndag), fra romanen Kirsebærsnø av Ingelin Røssland. Den er nå ferdig lest, og jeg har veldig lyst til å blogge mer om den senere.


Samlaget, 2012
Sitatet (et litt langt ett i dag) er fra side 145-146:

- Eg har ein idé, seier ho til slutt og plukkar opp maiskorna som har hamna utafor skåla, og puttar dei i munnen.
- Du treng å få struktur på tankane dine, så vi lagar ei liste.
- Ei liste?
- Ja, for og imot at du skal ha eit eventyr med dyrlegen. Eller kanskje enno betre, ei liste over gode og dårlege eigenskapar ved han svensken og Tom Ove? Fan heller, vi kan laga så mange lister vi orkar. Vi har heile kvelden og natta på oss, ein heil kartong kvitvin, og vi gir oss ikkje før vi har kome til ei løysing i denne saka. Skål!
- Skål.
Då Cathrine skal drikka, oppdagar ho at glaset er tomt igjen. Monica er der med kartongen med det same og fyller på, mens ho nynnar og framfører Pet Shop Boys-visdom. Relax. What you see is what you see, and what you get is a new philosophy. Saman med venninna drikk Cathrine alltid meir enn ho hadde tenkt, og gjer og seier ting ho elles ikkje seier og gjer. Ho veit godt korleis låten Monica nynnar på, held fram. No happy endings but a message to depress.

Flere smakebiter finner du vanligvis hos Flukten fra virkeligheten, men det spørs om ikke det er en blogger som vet å ta seg juleferie:) Helt greit det!

Ingen kommentarer: