onsdag 10. april 2013

Er nynorsk kult? - Oppdatering

I oktober i fjor skreiv eg eit innlegg om dei få engasjerande nynorske barnebøkene, særleg for barn i slukealderen. Utgangspunktet mitt var problema eg har som barnebibliotekar i ein nynorskkommune, der det hender eg får i oppgåve (av lærarane) å bokprate om nynorske bøker, og altfor ofte finn for lite eg kan formidle til den aktuelle aldersgruppa.

Eg fekk svar i kommentarfeltet, mellom anna frå Ragnfrid Trohaug i Samlaget, der ho nyanserte biletet mitt litt (mykje er òg bra!), kom med nokre hjartesukk ("vi har eit demokratisk problem om ikkje små hovudmålslesarar får lesetreningsbøker på eige mål")- OG informerte om kva dei jobbar med framover. Her kjem nokre sitat frå det ho skreiv (mine uthevingar).

(...) vi har sett i gang fleire prosjekt som har breidde og tilgjengeleg appell som mål: peikebøker på nynorsk (tidlegare var Pål-bøkene dei einaste som fanst), mellom anna Mopp og Mikko av Kari Stai, fleire seriar, Ingelin Røssland og Terje Torkildsen har blitt oppmuntra til å skrive medrivande seriar for ungdom; du nemner sjølv serien om Drakeguten og Cherub, i tillegg kan eg bla. nemne dei to bøkene om Aurora av Marie Desplechin, vittige ala Nina Grøntvedts "Hei, det er meg!", Lene Kaaberbøls nye serie "Villheks" som de bibliotekarar må oppdage!

Samlaget har eit heilt nytt lettleskonsept som ligg klart for å bli sett ut i live, men det må pengar til, dette er eit språkpolitisk ansvar som ingen andre enn Samlaget kjem, eller kan eigentleg, ta.

I år har eg i forlaget argumentert knallhardt for at vi må ha ei Pingledagbok-aktig bok på norsk, sjølv om det er usikker økonomi i det, så det kjem til våren! Gled dykk til Coolman und ich, i omsett språkdrakt av Ragnar Hovland. Kjøp inn denne karen til biblioteket når han kjem på norsk, så får eg lov til å gi ut fleire i same sjanger.

Det eg skulle ønske meg, var som sagt konkret: støtte til å lansere lettlesserie på nynorsk, ti titlar i året over fem år, slik at ein tilslutt sitt med ein base på femti bøker, ein god start (prosjektet har vi klart, det er altså midla som manglar), og lovnader om støtte til omsett litteratur for BU. Det er her vi kan få inn meir humor etc.



Her om dagen kom eg til å lese ein artikkel på nettstaden barnebokkritikk.no, der det mellom anna står om Samlaget sitt planlagte lettlestkonsept, Leseland. Det fekk meg til å tenke på mitt eige engasjement i oktober. Hald dykk fast, kjære lesarar:

Dei måtte gje bøkene ut som appar i staden for papirbøker!

Kva er det som skjer?

For å fylje opp dei andre tinga Trohaug nemner:
  • Coolman und ich har eg enno ikkje sett, håpar den kjem;
  • Samlaget si liste over "Kommande bøker" finn du her. Eg merker meg spesielt tredje boka i Svarte-Mathilda-serien (grøssarserie, populær), sjuande boka i Cherub-serien (nemnt før, også god spenning) og Sunniva Helling Berg si Beina i gitaren, visstnok skal vere ein oppfyljar til Utfor, som eg likte så godt.  
Men det var mindre enn eg hadde håpa på. Ragnfrid, sit du framleis og riv deg i håret?

8 kommentarer:

ellikken sa...

Trasig. Husker selv som ungdom (for usedvanlig lenge siden om man skulle orke å tenke etter) hvor vanskelig det var å finne (gode) (eller dårlige) bøker på nynorsk. Som lesehest i nynorsk-kommune slet jeg med språket i nynorske stiler og ble følgelig anbefalt å lese nynorske bøker. - Jeg som var så glad i å lese.

Synd og skam.

astridterese sa...

Vi jobber også i en nynorsk kommune og har problem med å få nok bøker på nynorsk. Spesielt er det pinlig når foreldre kommer med en førsteklassing og ber oss vise dem lettlestbøker på nynorsk. Vi har selvfølgelig noen, men de ser sørgelig få ut når en begynner å fremheve dem!

PS: Traff en hyggelig bekjent av min mann som kjente deg. (Sigbjørn? Sigmund?) Trivelig med sånne felles-kjente treff :-)

Synne sa...

@elliken: jeg vokste ikke opp i en nynorsk-kommune, lurer på hva det kunne gjort med leselysten min?:) Kan ikke huske at jeg leste noe på nynorsk, faktisk. Sikkert ikke prioritert verken på skole eller lokalt bibliotek. @astridterese: ja, det kommer masse flott på bokmål i alle varianter og tema, men nynorsk: nei. Ja, Sigmund er en nett-kjenning av meg!

Mari sa...

Apper er jo vel og bra det, men bøker kun som apper? Jeg tror ikke vi er helt der enda, og jeg tror ikke det gagner hverken nynorsken eller Samlagets prosjekt, dessverre.

Ragnfrid sa...

Coolman kjem no i mai, og når det gjeld Leseland: dei blei gitt ut berre som appar, fordi det ikkje var økonomi til meir, ikkje fordi vi tenkte at det ville halde med å berre ha dei på nett; vi meinte det var betre enn ingenting, og det viste det seg å vere.Appane har blitt tatt vel i mot. I mellomtida har vi arbeidd for å sikre at det lettlesserien blir realisert også i papirformatet og i det omfanget vi har skissert. Styresmaktene ser også at det er eit demokratisk problem at det finst så få lettlesbøker på nynorsk, så vi har fått støtte til å vidareføre det planlagde Leseland-prosjektet, så:
i august kjem dei trykte bøkene av appane som allereie finst, pluss ei nyskrive norsk lettlesbok, og i åra framover vil det bli mange fleire lettlesbøker frå Samlaget i Leselandserien, både på app og papir, og vi vil auke tilfanget at nynorske lettlesbøker radikalt. De t gler vi oss til! Elles når det gjeld mellomtrinnsbøker: hald auga oppe for Kari Smeland som debuterte til gode kritikkar (og blei omsett ei rekke språk) med Familien Kråkestup og nyset nabohuset, ho kjem med ei ny mellomtrinnsbok: Sirkus Spetakkel. Om eg riv meg i håret? No som Leseland har fått økonomiske rammer som gjer det mogleg å bøte på det demokratiske problemet det er at nynorske hovudmålselevar har så få lettlesbøker på eige mål, riv eg meg mykje mindre i håret! Det er ei utruleg viktig satsing, og eg er glad for at departementet ser det. Så håper eg at de som formidlarar tar bøkene i bruk og er med på å gi ungane det dei har krav på, nemleg å bli stø i eige mål.

Ragnfrid sa...

Og for alle der ute som synest det er vanskeleg å vite kva som finst av nynorske barne- og ungdomsbøker, her er verktøyet du treng, barne- og ungdomskatalogen frå Samlaget med over 200 barneboktitlar. http://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/bu_katalog

Synne sa...

Så flott, Ragnfrid! Takk for oppdatering. Kryssar fingre for enda meir satsing på dette feltet.

Synne sa...

Les forresten Kameljegeren no - veldig bra lesing så langt:)