Samlaget, 2014 |
Det er ikkje ei lærebok i vanleg forstand, men ei samling av tekstar som burde ha stått i skulebøkene for lenge sidan. Dei spenner frå oldtida til vår eiga tid og handlar om jenter og unge kvinner som tenkjer og handlar som fullverdige samfunnsborgarar. Den motgangen dei kjem ut for, er slikt som kan råka kven som helst, og dei taklar det som folk som er vande med å bli møtte med respekt.
- Så kjem det 12 ulike tekstar, skrivne av kvinner (med unnatak av Homer?) og med kvinner som handlande hovudpersonar. Det er iallfall det som er meininga, og sjølv om eg likte samlinga og til og med vart røyrt (særleg av Dikken Zwilgmeyers Magrete Kind, som eg hugsar eg sjølv las som jente) hendte det eg stussa over om dei eigentleg var så handlekraftige.
Navsikaa som reddar Odyssevs i fyrste teksten er handlekraftig nok i møtet med han, men etterpå tek ho den vanlege plassen til kvinna og vakar i kulissane, litt letta for at han er gift så ho slepp å tenkje meir på han. (Odyssevs ærer henne riktignok.)
Det virkar som om fleire av hovudpersonene må "bli menn" eller undertrykke det kvinnelege for å vere modige eller handlekraftige, eit tydeleg døme er den kristne Perpetua som ventar på å bli ofra i arenaen: "Eg blei avkledd, og eg blei ein mann." (s. ). Keiserinne Irene må mot sin vilje gi avkall på den medfødde trongen til å halda seg i bakgrunnen, og denne trongen blir framheva som noko typisk kvinneleg (s. 61). Dronning Kristina er tøff, og ho takkar Gud for at ho er kvinne, men ho seier: "...du har vist meg den nåden å ikkje la noko av det veike ved kjønnet mitt føre sjela mi vill. For den har du gjort heilt mannleg, til liks med resten av vesenet mitt." (s. 91)
Elles voktar dei æra si, dei er blyge og romantiske og empatiske og så vidare... tradisjonelt kvinnelege eller med eit tradisjonelt syn på det å vere kvinne, kanskje bortsett frå Katniss, som får det siste ordet.
(Eg har nett lese om Alf Prøysen, som ikkje fann seg heime i det tradisjonelle synet på mannen, som skulle vere hendig og tøff og fysisk sterk. Interessant parallell i parentes!)
Så sjølv om eg likte tekstene og særleg i ny nynorsk språkdrakt, følte eg rett og slett at dei ikkje ga meg så mykje nytt om temaet kvinner. Forklaringane i forkant av kvar tekst var meir interessante i så måte. Men litterært var det fint og fascinerande. Og tanken er god, me fortener forteljingar om sterke damer!
Eg skulle forresten gjerne ha lese resten av Hunger Games på nynorsk! Tek med eit siste sitat om Katniss, som symptomatisk nok er i situasjonen der ho går frå å vere ein einsleg og hard krigar til å agere omsorgsperson for ein mann... men handlekraftig er ho i alle fulle fall. Hurra for Katniss!
"Peeta, me må få noko mat i deg," insisterer eg.
"Det kjem berre opp igjen," seier han. Det beste eg kan gjera, er å få han til å ete nokre bitar tørka eple. "Takk. Eg er verkeleg mykje betre. Kan eg få sova no, Katniss?" spør han.
"Snart," lovar eg. "Eg må få sjå på beinet ditt." Så varleg eg kan, tek eg av han støvlane, sokkane, og deretter lirkar eg veldig langsamt buksa av han. Den rifta som sverdet til Cato laga i stoffet over låret, førebur meg på ingen måte for det som ligg under. Den betente rivna der det svell ut blod og materie. Det opphovna låret. Og verst av alt, stanken av rotnande kjøt.
(s. 199)
Smakebit på sundag er idéen til Mari på Flukten fra virkeligheten. Sjå fleire påske-smakebitar her!
6 kommentarer:
Tack för smakbiten, det är lite sorgligt att en sådan bok behövs (som den första). Jag är inte så förtjust i Katniss som karaktär men nog händer det saker i böckerna alltid :-)
En så hard og tøff karakter er det litt vanskelig å bli glad i. Men for min del skjedde det iallfall!
I Sverige har dere jo hatt Pippi, vi har fått Tonje Glimmerdal og Engel Winge, så kvinnelige helter fins det flere og flere av.
Kanskje det at mange av tekstene er såpass gamle og dagens syn er helt annerledes gjør at kvinnene det skrives om virker mindre sterke og handlekraftige enn ønskelig. Muligens var de det på den tiden :)
Artig å lese et sitat fra Hunger Games på nynorsk, spesielt siden jeg leste den på engelsk.
Det är en viktig bok, det här. Jag skulle gärna vilja läsa den. Tack för smakebiten och boktipset. :-)
Denne har jeg også på hylla mi, men ikke rukket å se på den enda. :-)
Birthe, du kan godt ha et poeng - tidene forandrer seg! Og så fins det ulike måter å være sterk på, selvfølgelig.
Legg inn en kommentar