fredag 15. juni 2018

Fuglen

Fuglar skal ikkje
ligge dirrande 
på rygg
i ei handflate
i mi 
med livredde, svarte auge 
og halvope nebb 

dei skal fly 

Men du kunne ikkje 
så du låg der dirrande
og eg følte hjartet ditt
og frykta di
mot livet mitt 
bar deg bort i graset
i vegkanten 

og gløymer deg ikkje  


- Synne, juni 2018

Ingen kommentarer: