lørdag 5. desember 2009

Song for Eirabu

Har no lese ein kjempeflott, heilnorsk fantasy! Dei er det langt mellom. (Eg skriv dette på nynorsk fordi boka brukar dette - eit vakkert eitt.)
Ganske snart kom eg til å tenke på Tidshjulet. Det er litt dei same, store linene som blir dregne opp og som påvirkar skjebna til små menneske. Prestinner i grått og kvitt (jf sedaiane i Tidshjulet). Sterke, eldgamle gudar gøymt i fjell. Og eit persongalleri som gjer at eg må lage eit kart, slik eg gjorde med Tidshjulet.

Men det er noko for seg sjølv. Det er ein mytologi med norrøn farge; eg kjenner att namn frå vår gamle gudeverd. Og personnamna er sjølvsagt ur-norske.

Og så er det ein saga om to systre; systre som i utgangspunktet er veldig nært knytte til kvarandre, men som har kvar sin skjebne dei må fylje og dermed blir skilt frå kvarandre. Ei blir blotgydje (kvinne med ansvar for bloting) med ei stø hand på sverdet, ei anna blir keisarinne i eit framandt land. Bak og over det heile ventar gudane, volvane og vergane i ulvs og ørns form.

Språket er som før sagt vakkert, og historia fengslande. Heldigvis fyrst i ein serie (trilogi)?

Forresten, etter andre Twilight-film måtte eg berre lese bok 3. Då fekk eg eit boktips. Bella (og Edward) les Stormfulle høyder av Emily Brontë, med referanser til sitt eige stormfulle kjærleiksforhold (og trekantforhold).
Kan eit filmklipp vere på sin plass?

3 kommentarer:

Kristine sa...

Så veldig kjekt at du likte den! Eg har ikkje lese Tidshjulet, bør eg det?

Synne sa...

Hei! Ei ære å få ein kommentar av forfattaren sjølv:)
Har berre lese dei fyrste bøkene i Tidshjulet, dei var spennande. Men dei som har lese alle seier at det kjem ein del ting opp att utover. Ikkje lett å fornye seg når ein skal skrive 12-13 bøker på 700 sider:)

Kristine sa...

Eg har heldigvis ikkje tenkt å utsetje meg for 12 Eirabu-bøker, då.

;-)