lørdag 30. januar 2016

Draker i bokform - og på DVD

Den gamle dama smilte varmt og strauk Eilyn over skuldra før ho snudde seg mot Koll.
"Og så du, unge mann. Det var lenge sidan. Få sjå på deg..."
Koll stod stille og venta. Til og med innandørs var det som om lufta mellom dei dirra svakt og vindretningane skifta heile tida. Draken i tankane hans likte dårleg å vera så nær ei kraft som var så motsett av Nordavinden, men Koll hadde mykje betre kontroll på instinkta sine no enn då han først møtte Artana.
"Å, du er endra, Koll," sa ho sørgmodig. "Sist eg såg deg, var du ein redd gut på djupt vatn, men no... Slik ei sorg, slikt eit sinne... Kva har skjedd med deg?" 
(Fredlaus, s. 74)

Eg har blitt ferdig med fantasyserien Drakeguten av Asbjørn Rydland. Det er tid for å mimre litt:

I september 2010 skreiv eg om ei sitrande kjensle av å lese noko stort. Bok nummer 1 heiter Drakeguten.



I februar 2012 skreiv eg om ei meir actionfylt andrebok, Med eld i hjartet.



Eitt år etter den skreiv eg om bok 3, Mørkemanaren, som var ganske så mørk og attende i landsbymiljøet.



Bok 4, Kampen om Kervad, kom i 2014. Sidan då har eg gått og sett på boka i fantasyhylla og tenkt at eg måtte få lese den. I fjor kom så sisteboka, Fredlaus, og no har eg endeleg vore igjennom serien. Den er ferdig. Koll og Faria, Mirimani og Harko gjer sikkert sitt vidare utan meg.

Som venta blir det eit stort oppgjer i siste bok. Det blir også scener frå både Kervad og storbyen Vilkafjord. Eg likte at Faria kjem meir til orde i begge desse bøkene, og (SPOILER) får ei viktig oppgåve i finalen! Eg liker også dei fleste folka rundt Koll. Av og til har eg problem med å like sjølve Koll. Draken inni hovudet snakkar mykje til han og manar han til aggresjon, nesten som små steroidinnsprøytingar... og så er han litt sjølvhøgtideleg. Men han er tøff og rettvis og med ein veldig ståpå-vilje. Typisk helt på den måten.

Har du lese serien? Gjer det gjerne! Og fortel gjerne kva du tenkjer!

Elles har det blitt endå meir drakar på meg i det siste. Me har no kjøpt inn Game of Thrones på DVD på jobben (biblioteket), og dei som kjenner til serien veit at ein av hovudpersonane blir ei drakemor. Eg hadde eigentleg tenkt då eg var ferdig med teikneserien til fyrste sesong at eg skulle klare å halde meg unna TV-serien, men freistinga var for stor. Eg er no godt inne i sesong 2, og det blir meir magisk og mørkt; eg gruer meg men gler meg òg.
Det som særleg skil filmserien frå teikneseriane, er at dei fleste skodespelarane er heilt gjennomsnittlege i utsjånad og kunne vore deg og meg (berre utan dei fine kleda og heilskjegg). I teikneserien er det stiliserte karakterar, og særleg damene er vanskeleg å sjå skilnad på. Fyldige lepper, store auge, slanke og med store pupper. (Teiknarens fantasi?)

Er forresten litt stas også å kunne kikke opp på ein lånar som skal låne filmen "Pompeii" på biblioteket og seie med eit flir "Jon Snow?", og få eit flir tilbake!

Winter Is Coming.
(Foto: Synne Fredriksen)






Ingen kommentarer: