mandag 19. januar 2015

Biografiar. 1

På toget heim frå Sørlandet på nyårsdagen las eg to biografiar der forfattaren/-ane og intervjusituasjonen er ganske tydelege i teksten. Fleire personar som kjenner og/ eller har vore i kontakt med den omtala personen blir også intervjua, og det heile får ein ganske lett og uhøgtideleg tone, sjølv om nokre tema kan vere djupt alvorlege. Nokon vil kanskje seie at dei to bøkene er rotete (særleg viss ein har hang til kronologisk framstilling), men eg har funne ut at både den tydelege biografen og den assosiative stilen passar meg bra.

Som innleiing til den fyrste boka kan eg kome med ei lita historie.

Det var juni 2013, og eg var i Bokbyen i Fjærland saman med dei andre bibliotekjentun. Denne ettermiddagen gjekk me rundt på den inste plassen med bokborda og kikka på alt som kunne kjøpast av brukt og ubrukt lesestoff. Bak kvart bord sat eller stod det ein seljar; var det privatpersonar eller butikkmenn, tru? Sikkert litt av kvart.

Og så sat det ein forfattar der. Eg trur det var Ragnar Hovland. Iallfall er det slik eg hugsar det. (Det ville jo vere frykteleg flaut om det ikkje var han som var her denne junidagen, og om han skulle lese dette og seie med seg sjølv: nei, der var eg då ikkje. Her har ho nok hugsa feil. Så eg let akkurat namnet stå ope.) Iallfall vart eg litt perpleks; ein ekte forfattar bak eit bokbord, her? Og eg stoppa opp og kom med desse velvalde orda, dei fyrste og kanskje siste han skulle høyre frå meg:
- Er du her?
Forfattaren såg på meg og sa - Ja?
Eg berre smilte blidt og gjekk vidare.

Det som er litt artig, er at forfattaren Ragnar Hovland også fortel om eit litt nervøst forfattarmøte i biografien Ler dei no, så har eg vunne, som er skriven av Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Han hadde også nokon han visste kven var og nesten ikkje torde å snakke til. (Han var glad for at han gjorde det.) Så slik er det. Forfattarar flest er nett som deg og meg. Og biografar også:

Ragnar Hovland er ein forfattar vi alltid har sett opp til, og kjent stor ærefrykt for. Som så mange andre, har vi følt at Hovland skriv til oss. Vi kjenner oss heime i hans univers. Han har vore med på å gi oss eit språk og ein tydeleg identitet som vestlendingar. Dette har vi sjølvsagt aldri nemnt for Ragnar, han må ikkje tru han er noko. 
(forordet, s. 7)
Samlaget, 2012
Intervjua med Hovland i denne boka er faktisk stadfesta; dei skjedde på kafeen Zur Rose i det tidlegare Aust-Berlin, og intervjusituasjonen er utførleg skildra. Koss såg kafevertinna ut, kva drakk og åt dei, osv. Så kjem det spørsmål frå Folgerø og Tokvam, svar og utdypingar frå Hovland, innspel frå andre (m.a. underfundige Einar Økland og Kveldssong for deg og meg-Odd Nordstoga), og innimellom "bokmeldingar" (Hovlands eigne, om bøkene) og prosatekstar (dikt, filmscene og noveller). Nokre av tekstane har aldri før vore på trykk.

Viss me skal prøve å finne ein systematikk i boka, kan me kalle oppbygginga for temabasert. Her får me vite om mellom anna
  • vestlandsoppveksten (med heit diskusjon om kor museet hans skal ligge; han har jo budd i fleire fylke og dei siste 20 i Oslo?)
  • tilhøvet til familien og særleg mora, som har vore ein ivrig lesar av bøkene hans
  • dette at han sjølv er presteson og koss han har brukt litt av den identiteten i ting han har skrive 
  • bart eller ikkje?
  • kaffidrikking
  • skrivemåten hans, mellom anna det underfundige
  • dei to mest kjende romankarakterane hans (Waglen og Munk) og kor dei kom ifrå (faktisk med eit intervju mellom Waglen og Hovland, og eitt med klassekameraten som var inspirasjonen til Waglen)
  • damer (generelt og berre litt spesifikt, men inga Knausgård-historie her!), og det å vere "flink til å pule med penn".
  • musikk som han har samla på, høyrt på og framført sjølv (eg hugsar han godt frå Vestlandsrevyen i Ål kulturhus, der han var artist saman med biografane, faktisk. Eg var imponert)
  • sjukdommen han sjølv fekk, som er skriven inn i romanen Ei vinterreise
Ler dei no, så har eg vunne har altså variert tematikk og er artig skrive, og eg blir ikkje lei.

Eg fekk lyst til å lese noko av Hovland og fann fram Sveve over vatna frå bibliotekkjellaren (der dei bøkene står som me vil spare på, men som har sett betre dagar). SOV blir rekna som ein moderne norsk klassikar, så det var vel på tide at eg las den. Og eg likte boka; eg finn ut at tonen hans og humoren passar meg. Sjølv om eg rett og slett ikkje kan fordra Munk og Waglen! Eg kan ikkje tvinge meg sjølv til å like dei. Det får meg til å tenke på noko Hovland sjølv skriv i biografien:

Lenge var det slik at når eg kom inn i eit rom, tok eg det for gitt at folk ville like meg, synast at eg var ein ålreit fyr. Så merka eg at det slett ikkje var sjølvsagt at alle likte meg. Det blei eit vendepunkt i livet (...) Det er godt å kjenne at slikt betyr mindre.  (s. 182)

Ver advart:
Denne biografien kan du bli inspirert av.

Ingen kommentarer: