onsdag 10. desember 2014

Koss ein kan lage verdas søtaste turist

Cappelen Damm, 2014

I år har det kome ei tredje bok om den vesle bygda Bløygen med 13 innbyggarar, etter Verdas mest forelska par og Tøddel Blisterpytt. Bøkene er koseleg morosame og, på same måte som Dustefjerten-bøkene, også lesbare for vaksne.Verdas søtaste turist er også ei søt bok, forsåvidt, men... den handlar om

sex. (Ordet er jo ikkje nemnt, men det er det det er.)

For her skal Bløygens mest forelska par, Bidger og Esmiluni, lage ein unge. Eller, som ordføraren ordlegg seg, lage ein turist. For når Bidger i lengten etter å bli far (heldigvis har Esmiluni også lengta etter å bli mor) fyljer Bøttefanten sitt råd om å vere naken med Esmiluni og stikke tissen inn i tissen hennar og gni seg heilt til dei ikkje orkar meir, står resten av bygda utanfor julebutikkvindauget og kikkar inn - og ser at her er løysinga på turisttørka; dei kan lage sine eigne turistar.

I omtalen av boka står det at den er "direkte". Eg var spent på kor direkte den var. Og ja, her får ein vite koss samleiet skjer (to variantar), ein får vite koss mannleg utløysing kan kjennast, koss felles orgasme virkar, at mannetissen av og til ikkje vil og bestemmer sjølv når den skal stå, men at det hjelper å kunne halde i ein naken neve, at det kan vere litt vanskeleg å finne fram til opninga viss det er mykje hår. At det er endå verre viss ein gjer det i mørket. Til slutt får ein vite koss ein heimefødsel kan skje.

Eit lite utdrag frå det fyrste samleiet skal de få (s. 45-46). (Hugs at kjærastane Esmiluni og Bidger fram til no stort sett har stirra kvarandre inn i augo og blåse kvarandre i øyret.) 

Esmiluni fann eit grønt julepledd, som ho la på golvet. Ho la seg på rygg på pleddet. Sola fløymde over henne. Det grøne pleddet lyste grønt. Refleksar og glimt frå blanke ting i butikken snødde gjennom lufta. Bidger bøygde seg ned, og la seg forsiktig over Esmiluni. 
- Å, så god du er å ligga på, sa han. - Så mjuk og glatt og nydelig.
- Du må vera forsiktig, sa ho igjen.
- Ja.
- Er du glad i meg, Bidger?
- Eg er veldig glad i deg.
- Eg er glad i deg òg. No prøvar eg å få tissen din inn i meg.
- Au! skvatt Bidger.
- Er det vondt?
- Du kom borti tissen med naglen.
- Å, unnskyld. 

Tissen til Esmiluni var glatt og våt. Tissen til Bidger glei greitt eit stykke rett inn. 
- Forsiktig! sa brått Esmiluni. 
- Eg ligg jo stille, sa Bidger.
- Det var vondt, sa Esmiluni. 

- Vil du ikkje meir? 
- Jo. 
- Eg synest det er veldig godt, eg, sa Bidger. 
- No synest eg òg det er betre, sa Esmiluni. 
- Vi skulle gni oss mot kvarandre til vi ikkje orka meir, sa Bidger. - Orkar du meir?
- Ja.


Rune Belsvik har skrive om seksualitet før, seinast i bøkene om Jolver. Men her er det altså ikkje snakk om eksperimentering hjå barn, som i Tjuven, men sex blant vaksne i fruktbar alder.
Sex mellom kjærastar. Eller sex mellom ei som berre har fokus på målet (lage ein turist) og ein som eigentleg er forelska. Eller forsøk på sex mellom ein som vil og ei som ikkje vil.

Ordføraren Rosina Myrl vil ikkje ha grovt prat. Ho har eit skamfullt forhold til sex (utan å eigentleg vite kva det er), slik ein tenkjer seg at bestemora i Jolver-bøkene har det (denne blir overraska naken inne på kjøkkenet og kjeftar på Jolver når ho blir oppdaga). Når Sidvus Krem, som skal hjelpe Rosina å lage ein turist, skal finne vegen inn i henne, seier ho "Hugs at vi gjer dette for Bløygen si skyld", slik som dei viktorianske aristokratane visstnok lukka augo og tenkte på England.

Så: seksuell skam. Ugjengjeldt forelsking og "fornuftssex". Det er vaksne tema for ei barnebok. Og til og med forsøk på valdtekt kan me finne, der bussjåføren prøver seg på Mytti Mytti og rekk å delvis kle av henne (dette er også illustrert). Heldigvis skrik ho: "Ingen bestemmer over min kropp! Eg vil ikkje!", og skyv han unna. (s. 62) Og ho er lenge redd for lyden av bussen etterpå, men så bearbeider ho det og har på ein måte kome ut av episoden som ein sterkare person.

Hovudpersonane i Bløygen-bøkene er vaksne. Men det at dei veit så lite om seksualitet og også i andre tilhøve er naive og einspora, gjer dei på ein måte til store ungar. Litt som Holesnusken og Oktava i Dustefjert-bøkene. Men det at bussjåføren er som ein stor unge, gjer det overgrepet på Mytti Mytti mindre alvorleg? Eigentleg ikkje. Og eg klarer ikkje å bestemme meg for om det er ok å ha dette innslaget i ei barnebok eller ikkje. Temaet er mørkt. Men når det fyrst er med, er det handsama på ein god måte, tykkjer eg. Og: Belsvik får fram at viss ein skal lage ein turist, må begge ha lyst til det.

Utanom dei seksuelle handlingsrekkene møter me også personar som berre lengtar etter å bli sett og møtt. Bjørn Disel vil vere spesiell og ikkje vanleg, og prøver å forsvinne for at dei andre skal sakne han. Pinnesvein, som eig kjøpesenteret, lengtar etter fleire kundar i den nye rulletrappa. Bøttefanten med Trøbbelkiosken og dei "gode råda" (som ofte går ut på å gå seg ein tur) er også einsam. Og det å lengte etter nokon kjenslemessig er jo i slekt med seksuell lengt. Så Belsvik får med mange aspekt ved lengt, einsemd og fellesskap i løpet av dei 190 sidene.

Men:
Kven er boka for?
Eg tenkjer:

Ikkje for høgtlesing i skuleklassen (korkje småskulen eller mellomtrinnet). For flaut.
Ikkje som godnatthistorie for 8-åringen, eller 11-åringen for den del. For nært.
- Ei lita lesehungrig jente som tykkjer at forsida og tittelen er søte og låner boka med seg frå biblioteket vil nok få seg eit sjokk eller to, og mogelegvis dukke opp i døra til pappa eller mamma: "Du, eg lurer på ein ting..." Og så blir mamma eller pappa stumme. Eller forhåpentlegvis løysnar dei på tungebandet og nyttar høvet til å få ein god samtale med poden.
Kanskje ho til og med spør "Mamma, letta du frå bakken då du skulle få meg?", viss det einaste overnaturlege innslaget i boka blir forvirrande i det, trass alt, realistiske.

Kanskje det beste er om det er ein vaksen som finn denne boka, les den sjølv, låner/kjøper den til barnet og så legg opp til samtale etterpå eller undervegs?
Eller den vaksne kan lese den for sin eigen del? Enkel framstilling av innfløkte tema kan vere ganske frigjerande...  

Kva trur de?

2 kommentarer:

elis lesebabbel sa...

Dette bare for å si at jeg er veldig enig med deg i det du skriver om denne boka og de spørsmål du stiller. Et veldig godt innlegg, synes jeg.

Synne sa...

Takk, Eli! Av en eller annen grunn ble kommentaren din liggende på vent, nå er den framme til "heder og ære":)
Er spent på hva slags bruk og omtale denne boka får framover.