onsdag 17. oktober 2012

Er nynorsk kult?

I helga las eg ei bunke med nynorsk barnelitteratur for å førebu meg til skulebesøk. Skulen eg skulle til satsar ekstra på nynorsk, og det er bra (eg jobbar jo trass alt i ei nynorskkommune)! Og det er greitt å ha ei ramme rundt utvalet av bøker til bokpraten.

Men det er eit men. Eg fann bøker - men eg skulle gjerne hatt fleire å velje mellom. Litt for mange av bøkene eg las fall igjennom hjå meg og blei ikkje med til bokpraten. Det hadde dels med innhald, men fyrst og fremst med form og språktrekk (ikkje målform) å gjere.

Eg har tidlegare her på bloggen klaga over mangelen på nynorsk spenning, over for mykje kjærleik og krøllhårristing og meir til. Og denne helga fekk eg ein tanke:

Påstand 1
Mange ser på nynorsk som det perfekte språket for poesi og historie. Det trur visst forlaga og forfattarane òg.

For når eg ser på utvalet av nynorske bøker er det akkurat historiske romanar og litt eksperimentelle og poetiske bøker nynorske forfattarar og forlag ser ut til å satse på i dag! "Eksperimentelt" kan handle om framsida (ofte har eg okka meg over framsider som ikkje sel), men det kan òg handle om innhald. Litt for mange nynorske bøker er sjarmerande, søte eller hyggelege.

Litt for kunstnerisk

Kor er nynorske variantar av Rampete Robin, En pingles dagbok og Harry Potter? Sjølvsagt ikkje altfor like dei originale figurane, men med same publikumsappell? Friske og tøffe teikningar, tiltrekkande design, moderne innhald utan at det blir overfladisk. Potensiale.

Påstand 2
Nynorsk er bygdespråk. Bygda blir sett på som mindre kul enn byen. Nynorsk blir ukult.

Men driv ikkje ungane på bygda med stort sett det same som i byane? Høyrer dei ikkje på den same musikken, kjøper dei same tekniske dupedittane, ser dei same tv-seriane? Dei driv med tøff idrett, bloggar, speler i band om dei kan; dei ikkje berre køyrer traktor, symjer i tjern eller et vaflar hjå bestemor (eller pærer med gamle damer). For å setje det på spissen!
(Ikkje eit vondt ord om traktorkøyring, tjernsymjing og vaffel-eting. Det er berre eit faktum at personane som ungar flest i dag ser opp til og drøymer om å vere, ikkje driv med dette. Burde dei kanskje det? - Dette er ein vond sirkel. Om det pågår eit prosjekt for å gjere spesifikke bygdeverdiar kule, bør forresten bokmålsbøker også dra lasset.)

Men finst det ingen ting då?

Lettlesne bøker og biletbøker har me eit ganske bra utval av på nynorsk. Nokre av biletbøkene er reine perler. Gode nynorske ungdomsbøker finst det òg, helst då av kvinnelege forfattarar. Den beste ungdomsromanen eg las i 2010 var på nynorsk.
Finaste boka i 2010. Same forfattar som over, men meir salbar.

Ingelin Røssland og Magnhild Bruheim skriv spenningsseriar for ungdom, Terje Torkildsen også (hans bøker er litt furtent anmeldt her), men eg saknar gode bøker med driv i for "slukealderen", altså 9-12 år.

Sjølvsagt finst det nokre unnatak:
  • Lars Mæhle gjer for eksempel ein flott jobb med både fantasy (Landet under isen), fotball (Knoterud FK), humor (Harry og Ivar) og tøft drama (Fuck off I love you). Keeperen til Tunisia er jo til og med filma (Tunisia har blitt til Liverpool og andre tilpassingar er gjort, men pytt.) 

Humor!

    
    Fantasy!
    
  • Atle Hansen skriv spenningsbøker som mange liker (sjølv om omslaga, igjen, er litt for kunstnerlege igjen etter min smak)
  • Tonje Glimmerdal og ungane i Knert-Mathilde kan eg høyre protestere høglytt (men dei treff helst dei som er yngre, vil eg påstå)
  • Asbjørn Rydland sine bøker om Drakeguten har eg blitt fengsla av før
  • Roald Kaldestad sine bøker om Heavykatten og Discodansemusa er god humor (men også helst for dei som er yngre)
  • Eivor Vindenes sin Alt kan reparerast har eg nett lese, og den var veldig god. Litt vel søt og harmonisk kanskje, men med humor og artige innfall - og ein nærverande forteljarstemme.
  • Bente Bratlund sine bøker om venskap og kjærleik er lette å anbefale, iallfall for dei som treng korte bøker. Litt verre er det med jenter som er godt i gang med Harry Potter-bøkene eller til og med Twilight.
Og så utanlandske forfattarar
Elles er det jo ikkje flust med omsettingar (oversettelser) til nynorsk. Men nokre perler finst det også her!

Øystein Rosse har gjort ein flott jobb med omsettinga av Lene Kaaberbøl sine bøker i Skammarserien, Katriona-serien og (nyast) Villheks-serien, samt med spion-serien Cherub av Robert Muchamore (sistnemnte kan nynorskfolket vere stolte av å "eige"!) - No skal det seiast at bokmålsfolket blei sure over at den spennande Katriona-serien berre var på nynorsk, så den har kome i bokmålsutgåve også.


Agentspennning!

Hestefantasy!

Likevel - eg trur at når ei bok fyrst er spennande, så treng ikkje nynorsk vere vanskeleg for eit barn som helst les bokmål. Eg trur at det ofte er dei vaksne - lærarar og foreldre - som har fastspikra haldningar mot nynorsk, og at dei overfører det til ungane. Og det er synd.







Kva kan me gjere med dette?

Temaet må framfor alt diskuterast høgt og lågt! Eg veit at det finst frustrasjon i bokformidlings-verda, men det må jo gå an å gjere noko med det om me framleis skal ha språkopplæring i to norske språk.

Eg vil veldig gjerne ha kommentarar på dette. Sprei temaet, prat om det med venner, familie og på jobb om du vil!

Og så må det nok eitt eller fleire prosjekt til, med midlar. Kanskje det kan hjelpe med tilskot til Samlaget?
Alle bokomslaga i innlegget er forresten henta derifrå.

15 kommentarer:

Mai Lene sa...

Sjølv er eg nynorskentusiast, og i tillegg elsker eg å skrive, helst på nynorsk. Eg er einig at mangfaldet i den nynorske litteraturen ikkje er særleg breidt og at mange forfattarar og forlag tenker på nynorsk som eit poetisk språk. Dei fleste nynoske ungdomsbøker er ganske like. Få slike skildringar med heile setningar du finn i ei ungdomsbok på bokmål, og heller fleire ufullstendige setningar. Nokre forfattarar (som Bjørn Sortland) greier å bruke det på rett måte, og det blir eit hjelpemiddel, men alt for mange greier ikkje å bruke det på riktig måte og bøkene blir ofte bøker med få ord,m ufullstendige setningar og bøker som mange andre har "skrive før." Eg synes mange nynorskforfattarar og oversetjarar er svært flinke, og eg diggar at Lene Kaaberbøl sine bøker er omsetje til nynorsk. Maria Parr er jo kjempeflink med barnebøker, men ungdomsbøkene er bøker eg nesten aldri les lenger, fordi nesten alle er bøker om det same: Kjærasteforhold, veninner, å vere forelska osv. Det fell litt for lett gjennom hjå meg. Dessverre har eg ikkje fått lese så mykje nynorsk litteratur for vaksne endå, sjølv om eg sikkert burde, men alle dei "like" og "litt for dårlige" ungdomsromanane har øydelagt leseopplevinga mi når eg les nynorsk. Eg synes dette er svært trist, og eg trur at mykje av det du skriv her er heilt rett. Både forfattarar og forlag ser på nynorsk som poetsik (og dei har litt rett på ein måte, bare det ikkje bare blir slike bøker) og eit ukult språk. Takk for eit bra innlegg!! Mai Lene, once upon a time

Synne sa...

Og takk for ein rask og veldig innhaldsrik kommentar, Mai Lene! Dette med litt likt innhald og gjerne på den feminine sida er ein trend i nynorske ungdomsbøker. Eg merkar at det er nesten umogeleg å finne nynorske bøker til gutar i tenåra. Men så går dei kanskje over på vaksenbøker også - då kan ein for eksempel anbefale Arnfinn Kolerud sine kjempesprø bøker...

Eli Sætre Follerås sa...

Kan anbefale den nynorske spenningsboka "Fuck off/I love you" av Lars Mæhle. Ikke stor og fantastisk litteratur, men den gikk "som varmt hvetebrød" på biblioteket her Groruddalen, Oslo, da vi hadde besøk av 8.trinn. Og her står gjerne ikke sidemål på lista over favorittfag...

Eli Sætre Follerås sa...

Kan anbefale den nynorske spenningsboka "Fuck off/I love you" av Lars Mæhle. Ikke stor og fantastisk litteratur, men den gikk "som varmt hvetebrød" på biblioteket her Groruddalen, Oslo, da vi hadde besøk av 8.trinn. Og her står gjerne ikke sidemål på lista over favorittfag...

Synne sa...

@Eli: så flott at Mæhle si bok fall i smak! Reknar med at det ikkje var gjort noko poeng av at boka var nynorsk:)

Ragnfrid sa...

Som forleggar for nynorsk barne- og ungdomslitteratur har eg eitt mål: å gi ut bøker som blir lesne, som engasjerer og å ha ei tittelvifte som er variert både i sjanger og i alder. Det er no ein myte at nynorske BU-bøker er og skal vere poetiske og smale, så denne vil eg gjerne vere med på å avlive her og no! JA, det finst mange kule, medrivande bøker på nynorsk, JA ungdommane synest også det, JA det finst smalare bøker også på nynorsk, JA det må kome endå fleire bøker for slukealderen på nynorsk. Då eg byrja som hovudansvarleg for barne- og ungdomslitteratur i Samlaget, den viktigaste utgivaren for nynorsk barne- og ungdomslitteratur, hadde eg eitt mål (framhald kjem):

Ragnfrid sa...

(framhald,del to av tankerekka mi)å ha to tankar i hovudet samtidig, nemleg at det både skal finnast feinschmecker-boka som nynorsklitteraturen allereie er kjent for, MEN at vi skal lage større breidde i barne- og ungdomslitteraturen på nynorsk. Breidde og bok for alle er eit stikkord her. Det er klart at breidda alltid vil vere størst på bokmål; med over tusen bokmålsutgivingar på BU-feltet i året, mot 64 nynorsk, seier det seg sjølv at det absolutt er mest å velje i på bokmål. Mitt mål, som eg meiner vi langt på veg har lykkast med, er at desse 64 utgivingane skal vere så ulike som muleg (eit par av dei kjem på andre forlag), fordi barn som les nynorsk er jo sjølvsagt like forskjellige som alle andre barn. Myten om at nynorsklitteraturen er så smal og utilgjengeleg, er seigliva; den er OGSÅ smal og utilgjengeleg, men det er jammen ein bråte særs tilgjengelege bøker som de som formidlarar må setje fram på utstilling og i lånehøgde. Som forleggar har eg eit hovudmål: Eg skal ha lesaren i augehøgde. Det tyder ikkje at lesaren ikkje skal måtte strekke seg av og til, men ho skal aldri føle seg utestengt frå litteraturen, då er det ikkje god barne- og ungdomslitteratur. Det har resultert i heilt konkrete tiltak, vi har sett i gang fleire prosjekt som har breidde og tilgjengeleg appell som mål: peikebøker på nynorsk (tidlegare var Pål-bøkene dei einaste som fanst), mellom anna Mopp og Mikko av Kari Stai, fleire seriar, Ingelin Røssland og Terje Torkildsen har blitt oppmuntra til å skrive medrivande seriar for ungdom; du nemner sjølv serien om Drakeguten og Cherub, i tillegg kan eg bla. nemne dei to bøkene om Aurora av Marie Desplechin, vittige ala Nina Grøntvedts "Hei, det er meg!", Lene Kaaberbøls nye serie "Villheks" som de bibliotekarar må oppdage! Desse har ho skrive spesielt for ungar i slukealder, lågare aldersgruppe enn Skammarserien. Cherub er den største omsettsuksessen vi har hatt sidan Skammar-bøkene; dei har fenga gutar, jenter, hovudmålsbrukarar, sidemålsbrukarar, så her er det berre å formidle. At 4 av 6 UPrisvinnarar, prisen som ungdommar frå heile landet sjølve stemmer fra, er bøker på nynorsk er jo eit knallhardt argument for at den nynorske Ungdomslitteraturen engasjerer breitt og ikkje lenger er berre smal.
At vi også får Kritikarprisnominasjonar og Bragenominasjonar, viser at vi klarer å ha to tankar i hovudet samstundes.

Så over til det som er vanskeleg: Det finst for lite litteratur for barn og unge på nynorsk i slukealder, og det finst for lite lettles. Som nynorskforkjempar riv eg meg i håret over at bevilgande myndigheiter ikkje enno har skjønt at vi har eit demokratisk problem om ikkje små hovudmålslesarar får lesetreningsbøker på eige mål. Samlaget har eit heilt nytt lettleskonsept som ligg klart for å bli sett ut i live, men det må pengar til, dette er eit språkpolitisk ansvar som ingen andre enn Samlaget kjem, eller kan eigentleg, ta. Det andre er bøker til lesarar i slukealder, og det er ei vanskeleg gruppe å skrive for, det må både vere enkelt nok å lese, men fengjande nok samstundes. Her slit alle forlag med tilfanget frå eigne forfattarar, det er det vi spør mest etter når vi er ute. Omsette bøker er det diverre dårleg økonomi i, så difor blir det ikkje så mange bøker som ein ønsker, og dei bøkene eg meiner trengst for lesarane, er ikkje nødvendigvis den typen bøker som blir innkjøpte på den selektive innkjøpsordninga for omsett litteratur. I år har eg i forlaget argumentert knallhardt for at vi må ha ei Pingledagbok-aktig bok på norsk, sjølv om det er usikker økonomi i det, så det kjem til våren! Gled dykk til Coolman und ich, i omsett språkdrakt av Ragnar Hovland. Kjøp inn denne karen til biblioteket når han kjem på norsk, så får eg lov til å gi ut fleire i same sjanger.
Til sist vil eg takke for engasjemtet rundt nynorsk barne- og ungdomslitteratur, saman må vi formidle, oppdatere kvarandre og informere dei små lesarane. Berre slik får vi trygge hovudmålslesarar.

Synne sa...

Tusen, tusen takk, Ragnfrid, for forsikringar og oppdateringar! Det var nettopp slikt eg håpa på. Gler meg til Heinrich und ich:) Eg ser veldig klart utfordringane Samlaget står over for, og håper at styresmaktene ser kva det eigentleg er som står på spel her. Me må vere fleire som jobbar for denne saka - lesarar, bibliotekarar, lærarar, foreldre, forleggarar, barn og vaksne!

Synne sa...

Orsak, Coolman und ich, meinte eg.

Ingelin Røssland sa...

Eg vil svara på dette litt som forfattar og litt som leiar i NBU sitt litterære råd (eit verv som gjer at eg les alt som kjem ut for barn og unge av norske forfattarar i året på begge målføre). Sånn eg ser det er ikkje omslaga på nynorskbøkene spesielt verre enn dei som er på bokmålsbøkene. Gode bøker for barn i slukealderen er ei mangelvare også på bokmål. Forlag og forfattarar må satsa på dette, eg trur noko av grunnen til at dei gode romanane for barn nesten er borte er det enorme fokuset ein har hatt dei siste åra på dei som slit med å lesa. Alt skal vera lett og motstandsfritt. Det er ikkje feil å skriva enkelt godt og drivande, men det endar for ofte med at det berre blir fjas på begge målføre, mest fjas på bokmål.

Som forfattar kan eg berre seia at eg skal lova å skjerpa meg. Eg kan tøya strikken enno lenger i bøkene mine, det er eg sikker på at Ragnfrid likar å høyra.
I mellomtida kan de sjekka ut Tor Arve Røssland sine bøker om Svarte Mathilda.



Ingelin Røssland

Synne sa...

Ingelin, takk for verdifullt innspel frå ein som les alt! Eg vil kommentere spesielt ein ting. Ja, det einsidige fokuset på lettlest litteratur er ikkje berre bra. Lettlest blir litt for ofte synonymt med kjedeleg. Eg som bibliotekar strevar kvar gong eg får høyre frå ein ungdom: boka skal vere tynnast mogeleg. (Det treng jo ikkje bety at lånaren ikkje er flink til å lese, oftast handlar det om giddaløyse eller dårleg tid.) Samstundes skal boka vere spennande. Det er så å seie umogeleg å få til. - Den nye serien som har kome med støtte frå Leser søker bok (med titlar som Respekt og Gamer) er nok eit skritt i riktig retning når det er snakk om dei som verkeleg har leseproblem. Men eg prøver heller å fokusere på og promotere bøker med fengande innhald.

Synne sa...

Ein annan ting, @Ingelin: eg finn fjas både på nynorsk og bokmål, det er naturleg nok fjaset på nynorsk eg festar meg ved fordi det er så leitt for min formidlingssituasjon. Og eg skjøner argumentet til @Ragnfrid med at ein vil ha litt av alt fordi nynorskbrukarane er ulike som bokmålsbrukarane, men fordi utvalget er så lite blir det færre på dei mange som trass alt ynskjer action og humor. Så eg trur kanskje at ynskjet om mangfald må vike litt i kampen for å få opp "den nynorske leselysta".

Ragnfrid sa...

Det eg skulle ønske meg,var som sagt konkret: støtte til å lansere lettlesserie på nynorsk, ti titlar i året over fem år, slik at ein tilslutt sitt med ein base på femti bøker, ein god start (prosjektet har vi klart, det er altså midla som manglar), og lovnader om støtte til omsett litteratur for BU. Det er her vi kan få inn meir humor etc. Som eit minoritetsspråk kan ein ikkje verken tru eller krevje at alle forfattarar ein har i stallen skal meistre alle sjangrar,og då er det endå viktigare å få fleire omsette titlar på nynorsk. Så det er angt frå alt som er så bra som det burde vere, men det eg av og til saknar, er ei faktisk anerkjenning og ein kunnskap om at, ja, politihunden Falk ligg på utlånstoppen på Sølvberget i Stavanger, ja, Jakob og Neikob vinn lesarkåringar i Lørenskog og Rogaland, ja, vi har 4 av 6 UPrisvinnarar (Ingelin Røssland som ein av dei), ja Maria Parr sel som berre det både i inn- og utland.Ikkje fordi eg er ute etter klapp på aksla, men for at alle som arbeider i formidling og kjerneområde skal sjå og vite at det finst mykje tilgjengeleg og godt, og at nynorsk barnelitteratur ikkje nødvendigvis er berre litterær avantgarde. Men no er det heim gitt! Fint med debatt!

Synne sa...

Lukke til med å få midlar til desse prosjekta; viktig viktig. Og gratulerer til både forfattarar og forlag med bøkene som gjer suksess rundt om.

Mai Lene sa...

Hei, igjen, vil bare seie at bloggen din har fått award! http://bokverdami.blogspot.no/2012/10/once-upon-time-har-fatt-award.html Mai Lene (once upon a time)