mandag 9. april 2012

Eit fullstendig improvisert togintervju med Alf Kjetil Walgermo

Foto: Tone Leksbø
På ein togtur kan ein oppleve spennande ting. Eg for min del var så heldig å treffe ein forfattar på Sørlandsbanen. Han var sporty og stilte opp til eit improvisert tog-intervju.

Forfattaren heiter Alf Kjetil Walgermo. Han jobbar til dagleg som journalist og kommentator i Vårt Land, der han mellom anna gjer meldingar av film og bøker. Han har sjølv skrive bøker både for barn, ungdom og vaksne - sist ungdomsboka Mitt bankande hjarte, som eg anmeldte her

LfS: Har du noko bokprosjekt på gang?
AKW: Faktisk fekk eg nettopp Statens kunstnerstipend til arbeidet med ein ny ungdomsroman. Innhaldet er hemmeleg ei stund til!
LfS: Er det stor forskjell på det å skrive som journalist og å skrive skjønlitteratur?
AKW: Ja, det er ein annan måte å skrive på. Men i arbeidet med Mitt bankande hjarte gjorde eg ein del research - som journalistar også gjer.
LfS: Du skriv om andre sine bøker i avisa. Påvirker det di eiga skriving på nokon måte?
AKW: Ein er aldri uberørt i møte med nye bøker. Alt er med på å forme meg som forfattar. Det er viktig å finne si eiga stemme, men det er umogeleg å bli god viss ein ikkje les sjølv.
LfS: Kva les du for tida?
AKW: Eg held alltid på med Marcel Proust si På sporet av den tapte tid. Den er deilig å lese, med eit godt språk. Heilt nyleg har min eigen redaktør, Geir Nummedal, kome med ein god roman (Hun er der hele tiden, LfS anm.). Dei siste to åra har det elles blitt mykje Min Kamp av Karl Ove Knausgård.
LfS: Knausgård skriv jo sjølvbiografisk. Skriv du sjølvbiografisk i dine bøker?
AKW: Det ligg mykje av meg i hovudpersonen i Mitt bankande hjarte, sjølv om ho er ei 14 år gamal jente. Men eg har ikkje noko Knausgård-prosjekt på gang.
LfS: Er du nokon gong redd for å vise kven du er gjennom det du skriv?
AKW: Det er litt skummelt å gi av seg sjølv, men også spennande - og ein må ikkje vere for gjerrig! Når du skriv er du jo i førarsetet og kan bestemme sjølv kva du vil dele.
LfS: Kvifor blei du forfattar? Tenkte du "eg vil bli forfattar", eller ville du ha fram ein bodskap?
AKW: Eg har alltid likt å skrive og lese, så det er fantastisk å få høve til å skape eigne verder i skrift. Med dei to siste bøkene (Mor og far i himmelen og Mitt bankande hjarte) hadde eg ei spesiell historie eg ville fortelle. Før eg skreiv Mitt bankande hjarte hadde eg høyrt om eit barn som måtte få eit nytt hjarte. Korleis er det for ei forelska jenta i 13-14-årsalderen å få ein farleg hjartesjukdom? Akkurat i det livet er i ferd med å opne seg, risikerer ho å miste alt, både livet og kjærleiken. Det syntest eg var interessant å skrive om.

Tusen takk til Alf Kjetil for at han tok seg tid til ein prat - og lukke til med vidare arbeid!


Forfattaren si heimeside finn du her.

9 kommentarer:

annkolaas sa...

Tøft!

Gråbekka`s Blogger sa...

Sporty av begge:) Fint intervju:)Vi får vente i spenning å se hva han kommer med:)Ble nyskjerrig:) Ha en fin uke:)

Synne sa...

Takk! Ja, gleder meg! Spent også på hvordan det går med lanseringa av Mitt bankande hjarte i andre land, boka var forlaget si storsatsing på barnebokmessa i Bologna. Så langt solgt til Danmark, Sverige og Tyskland.

Synne sa...

Det tyske forlaget er de som gir ut Twilight og Harry Potter. Det sier jo litt;)

astridterese sa...

Så stilig å stille opp til et improvisert intervju på toget!
Jeg har ikke lest noe av Walgermo, men jeg ser vi har bøkene hans her. Så når jeg er ferdig med å lese blogger skal jeg gå og hente meg en bok av han.

(Det er stille på jobb i dag :-))

Therese sa...

Utrolig kult at du traff han på toget, og ikke minst at du kjente han igjen, OG at han var villig til å gjøre et intervju!

Håper jeg er like heldig og møter en forfatter på toget!

Synne sa...

@Therese: i så fall må du bare gripe sjansen!

Sven sa...

Hei Synne. Jeg har opplevd det samme på Bergensbanen. Fint å reise med tog. Fikk bok med dedikasjon av forfatteren.

Synne sa...

@Sven: stilig! Ja, tog er genialt.