søndag 20. desember 2009

Skrinet skal opnast um hundre år


For mange Herrens år sida råkte eg på nokre ord i eit vers. Og dei ordi klora seg fast i meg for all tid seinare. Reine slumpen at eg fann dette verset. For eg lès aldri vers, aldri so sant eg kan sleppe. Kven diktaren var la eg ikkje mark til.
Rett som det er ... og i det seinste serleg um nettene ... ja so syng ordi seg fram. Lange bel er det som eg fatar kva dei segjer. Men stundi straks etter spør det i meg at kva er det du forstår? Då kan eg ikkje svara.
Det er vettespel i natt.

- Dette er starten på boka Skrinet skal opnast um hundre år, ein poetisk science fiction-roman skriven av ein geiling for snart seksti år sidan! Det betyr vel at skrinet skal opnast om førti år no...
Denne boka har fengsla meg. Språket, som er gamalt nynorsk, bremsar meg litt av og til. Eg får lyst til å "oversette" boka til meir forståeleg norsk. For ei forteljing det er, fleire burde få vite om den!

Hovudpersonen Jørgen Mobakk er ein praktisk og dyktig skogsmann. Har uforskyldt fått rykte som ein særing etter litt månepoesi og stjernekikking. Men kven skulle tru at han ville oppleve så overnaturlege ting? Ting som tidsskap og merkelege tegn ... og månereisaren Alessandro. Alessandro er på ein måte hovudperson nummer to, han skriv eit brev om det merkelege han opplevde på månen. Gløym krater og Neil Armstrong (han var vel ikkje tema i 1951), her møter me store palass, kunstferdige plantar og draumemakarar. Litt fantasy-aktig faktisk. Og det handlar om fantasi:

... eg tenker ofte på det når eg sit og ser på han, eg skimtar han for meg um ti år: Velgjeten doktor, for det er han alt. Praktisk, klårøygd, bil og velstand, skinnkåpe til kona, og born ute på høgre skular. Stjernekikkerten har han lagt på botnen i kledesskåpet. Månen lèt han skine etter almenakka, har ikkje tid anse meir etter han. Han lèt seg ikkje meir forhekse av draum og kjensleborne tankar.
Berre store synlege overskogen heile mannen!
Det er synd.

Ingen kommentarer: